FONNA1199

På toppen av isbreen Folgefonna, 1199 m.o.h finn ein det nye reiselivsikonet i Hardanger. Velkomssenteret har ei spanande utforming i bilete av ei snøfonn. Bygget byr på tribunar med sikt utover fjord, fjell og fonn samtidig som det rommar sommarskisenteret Fonna Glacier Ski, og Folgefonni Breførarlag. I tillegg finn ein flott restaurant og kafè, servicefasilitetar og møterom.

Då bygget var nær ferdigstilling kom Fonna1199 med ønske om å utforme ein logo som passar til dei forskjellige opplevelsane ein får ved eit besøk. Ein av dei store prioritetane var å få fram formen til det spesielle bygget.

Foto: Visitfonna og Øystein Haara